mandag 11. juni 2018

Lavo og telt på vakre Ervikane.

Fredag etter jobb var målet ein lavotur med gode venner til nydelege Ervikane. Eit av dei finaste friluftsområda i Bergensregionen. Link til side om Ervikane 

Turen med bil tar ca 45 min, det er fin pareringsplass med god plass før du må ta beina fatt og rusle 0.5 km til du er framme.


På parkeringsplassen finner du dette flotte info skiltet.



Nydeleg lukt av varm skogbotn.

Perfekt plass å telte.

To sleng husker i eit tre og lukka e fullkommen.


And the game begins.



Love is in the air!


 Prøver ut ein genial oppfinnelse. 

Batteridreven luftpumpe.

Kveldsmat på gang.

Middag, kvelds og frukost😂

Genial å ha vatten i om du ikkje skal bera langt då.

Å shit så mykje knott, fram med myggnettet😂


Ein herleg vindstille kveld.

Kl 00:00 sov ca alle store og små nesten........



For ein fantastisk morgen!!

Eg blir heilt varm i hjarta av å vakne til så sterk og vakker fuglesong, blikkstille sjø, lukt av skog. Naturen på sitt aller beste💚💚💚

Så er det tid for eit bad. Om det var at eg fraus i natt eller berre ein smule feigdom? Eg kom meg ikkje uti, men det har meg blitt fortalt at det var litt kaldt😂 





Tusen takk for ein kjempe flott tur Siv snuppa mi og co❤️









søndag 3. juni 2018

Sykkeltur Vinnes(Fusa)-Minde(Bergen)

I perfekt sykkelvær, det vil seie 21 grader celsius og 4-5 m/s vindstyrke la eg ut på landevegen frå vakre Vinnes(Fusa). Sykkelen min  har 18 gir, e kjøp på Finn for 500 kr og funker fint.
Endestopp for turen var Minde ein 38 kilometers lang tur😃.




Frå Vinnes til ferjekai (Venjaneset) var det ein fryd å sykle. Gode lukter frå markblomster, nærmast null trafikk og ein flott sykkelveg.




Møtte denne skjønne og veldig kosete kyre😀


Eg kom så fram til Venjaneset ferjekai, og då var det berre å smørja seg med tålmod. Men mens ein ventar e da berre å tenke lure tankar og få seg ein is😉


Laila`s kro og kafe kan eg verkeleg anbefala.


Måtte jo bli softis, har jo nokon mil igjen å sykla😉

Fosen ein gamal slitar.


Så var eg klar for neste etappe og her var det mykje trafikk!!!!!!!
Eg fekk no pusta inn eksos for det neste året i allefall😖

På vegen mot byen syklar ein forbi Eran kro, her kan ein leige kano. Og få seg ein flott tur lang Oselva vassdraget. Dette er ein nydeleg tur for store og små. Kajakk er også sjølvsagt glimrande her.

Når ein kjem til Nesttun går det ein sykkelveg der den gamle Vossabanen gjekk før. Her er ein link til sykkelvegar i Bergen.

Men denne sykkelvegen frå Nesttun til Minde er utrulig flott og må prøvast.


Flåtebygging i Värmland!

E du klar for ein ekspedisjons som Gaus, Roms og Brumund e da berre å ta til turen til Sverige og Klärelven. Etter å ha overnatta i ei...