søndag 3. juni 2018

Sykkeltur Vinnes(Fusa)-Minde(Bergen)

I perfekt sykkelvær, det vil seie 21 grader celsius og 4-5 m/s vindstyrke la eg ut på landevegen frå vakre Vinnes(Fusa). Sykkelen min  har 18 gir, e kjøp på Finn for 500 kr og funker fint.
Endestopp for turen var Minde ein 38 kilometers lang tur😃.




Frå Vinnes til ferjekai (Venjaneset) var det ein fryd å sykle. Gode lukter frå markblomster, nærmast null trafikk og ein flott sykkelveg.




Møtte denne skjønne og veldig kosete kyre😀


Eg kom så fram til Venjaneset ferjekai, og då var det berre å smørja seg med tålmod. Men mens ein ventar e da berre å tenke lure tankar og få seg ein is😉


Laila`s kro og kafe kan eg verkeleg anbefala.


Måtte jo bli softis, har jo nokon mil igjen å sykla😉

Fosen ein gamal slitar.


Så var eg klar for neste etappe og her var det mykje trafikk!!!!!!!
Eg fekk no pusta inn eksos for det neste året i allefall😖

På vegen mot byen syklar ein forbi Eran kro, her kan ein leige kano. Og få seg ein flott tur lang Oselva vassdraget. Dette er ein nydeleg tur for store og små. Kajakk er også sjølvsagt glimrande her.

Når ein kjem til Nesttun går det ein sykkelveg der den gamle Vossabanen gjekk før. Her er ein link til sykkelvegar i Bergen.

Men denne sykkelvegen frå Nesttun til Minde er utrulig flott og må prøvast.


2 kommentarer:

Flåtebygging i Värmland!

E du klar for ein ekspedisjons som Gaus, Roms og Brumund e da berre å ta til turen til Sverige og Klärelven. Etter å ha overnatta i ei...