Etter å ha overnatta i ei VELDIG varm "Stuga"var me saman med 4 andre familier(svensker, dansker og normenn😛) klar for å bygga vår eigen tømmerflåte. Me fekk eit lite kurs i knutar og korleis tømmerstokkane skulle plasserast av to flinke instruktører
Så var det berre å bretta opp armane og begynne med tømmer-rulling, fordi flåten skulle byggast i elva.
Været var upåklageleg og temperaturen i elva heilt topp.
Me brukte ca 4.5 timar før flåten var klar. Det var mykje muskelkraft i sving. God stemning og bra teamwork.
Flåten blei veldig stabil og det var godt plass til 2 store og 2 små. Så då var det berre å laste ombord, og la flåten fylja straumen i elva. Styreredskapet var årer og ein kraftig stag til å skyva oss unna sandbankar o.l som dukka opp undervegs.
Me fekk sjølvsagt med oss eit kart, slik at me ikkje segla forbi avtalt endepunkt som var ei mil unna. Og for å kunne peika ut ein plass undervegs som var egna for å setta opp ein leirplass.
Her satte me opp telt. Litt i seinaste laget fordi alle mygg i heile Sverige hadde generalforsamling akkurat i det me kom på land. E da mulig!!!! Tilsaman fekk me ca 1000 byggstikk, og det er ikkje tull ein gong!!!
Dagen etter kom det litt småregn, men temperaturen var flott. Og etter 2 timer var me i mål. Veldig kjekk tur som kan virkeleg anbefalast.
For meir info vildmark.se