Vegen opp er brei og steinete og lett å gå for både små og store. Men ein er avhengig av godt vær for å kunne nyta denne flotte usikta undervegs. Og fordi det er mykje likt terreng og derfor lett å gå seg vill om skodda skulle siga på.
Det er fleire vegar å nå toppen, men me valgt å gå opp frå Stavro( stor parkeringsplass, pris 150 kr) Og me brukte ca 2.5 timar opp medrekna påfyll av "bensin" undervegs.
På toppen ligg Gaustatoppen turisthytte her er det 11 sengeplasser som du må booke på førehand om du vil sova øve.
Kjempe koselig! Skrå tak med vindu i taket😃
Gaustatoppen bærer med seg ein lang historie som innebærer istida, tankar om turisme allerede i 1953, Gaustabanen og eit hermetisk lukka Nato anlegg. Meir lesestoff om dette finner du blandt anna på desse sidene gaustabanen.no, vulkaner.no
Eit nydelig vær og ein fantastisk utsikt. Du kan faktisk sjå 1/6 del av Norge frå denne toppen.
Den gamle utedoen.
Nydeleg middag samman med 7 andre fjellgeiter og Jorunn som er fast fjellvert på denne hytta.
Smaka utruleg godt etter ein varm bestigning.
Me var så heldig å få møta Jon Ingebretsen han kan det som er vert å veta om dette fjellet, og meir til. Han har besteget fjellet 1400 gonger sommar og vinterstid. Og hadde mykje spennande å fortelja oss. Han har og skreve fleire bøker blandt anna "Naturen og eg" natur, miljø og samfunn.
Ein av dei flotte dikta i boka hans.
Dette er Gaustabanen som går opp midt inne i fjellet, ein alternativ transport etappe til toppen.
Den er rimelig bratt!! 39 graders stigning!!
På eit spesielt tidspunkt kunne ein oppleva dette spesielle fenomenet der toppen lagar skugge opp i himmelen.
Turtips!
- Sko som en godt egna for stein.
- ingen tur i skodde
- vatn kan fylles i ein bekk som renner ned frå venstre ca 200-300 meter frå startpunktet.
For meir info visitrjukan.com
GOD TUR😃
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar