søndag 6. mai 2018

Lyderhorn! 397 moh.

I dag blei både systre mi og minste jento mi med på tur. Og sjølsagt lånehunden min Zelda.

Me kjørte til Nutec ved Gravdal. Her er det ein liten parkeringsplass til venstre når du har kjørt ca 300 meter opp bakken frå Nutec. I helgene når det er mykje folk parkerer folk nede på Nutec område og langs vegen oppover.
Dette er den lengste ( 8 km t/r) ruta opp, men og den minst bratte. Ei fin rute for barnefamilier. Dei fyrste ca 2 kilometrene er det asfaltert veg. Og langs denne vegen kan du finne bunkerser og kanonstillinger som er spennande å utforske. Resten av vegen går du i ulendt terreng.
Ein kan og velge å gå opp frå Skålevik eller Kjøkkelvik skole.

Om du vil ha ein brattare og luftigare tur går du for Kjøkkelvik. Her må du klatre og klyve litt😀

Turen i dag var ganske gjørmete men det er jo en del av opplevelsen når ein ferdes ute i naturen!

Det låg ein dis i lufte i dag og temperaturen låg mellom 14-15 grader.
Når me nådde toppen og var klar for ein pust i bakken, blas det så godt at me pakka raskt saman og sette snuten nedover igjen.

På vegen heim kjørte to svoltne jenter forbi Daniel´s Rullekebab. Eller forbi blei det vel ikkje.....😂

Med lette små føtter.

Askøybroen.

E da mulig å få litt godis!



Gjørme e kjekt😀

Bjørke har fått museøyrer.


Spennande håler frå krigens dager.


Velfortjent frå Daniel´s Rullekebab.

5 kommentarer:

  1. Så kjekt m turblogg, Jorid!! Gleder meg til å få noen nye tips!!
    Lyderhorn er nærfjellet mitt, der foretrekker jeg å gå opp og ned "Grisetrynet", akkurat passe langt for meg!

    SvarSlett
  2. Hei du:o) Tusen takk. Eg e jo så mykje på tur å det e jo litt kjekt å dele. Og Lyderhorn e jo så bra nettopp fordi det finnes så mange forskjellige ruter.
    Ha ei fin veka. Klemmmm

    SvarSlett
  3. Kjempefin blogg Jorid�� Guttene og jeg tok samme turen denne dagen vi også, men vi gikk ned i Skålevik��

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Trond :o) Tusen takk! Me må ta med oss heile ungeflokken på ein telt tur i sommar. Det hadde vore så kjekt, lenge sidan sist :o)

      Slett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett

Flåtebygging i Värmland!

E du klar for ein ekspedisjons som Gaus, Roms og Brumund e da berre å ta til turen til Sverige og Klärelven. Etter å ha overnatta i ei...