torsdag 3. mai 2018

Stoltzekleiven!

Denne kvelden passa det perfekt med tur til den berømte Stoltzen. Ettermiddagsole hadde tørka fint opp dei flotte trappene som sherpane har laga.

Dette er ein perfekt plass å trene kondisjon, det er hard og litt brutalt slitsomt til tider. Men ein for verkeleg lønn for strevet. Og det føles så herlig når ein etterkvart kjenner at kroppen spelar på lag.

Har du  ein dårleg dag, e da så befriande å legga alt det slitsomme igjen på veg mot toppen. Og endorfinene (kroppens eget rusmiddel) strøymer på. Me utløyser endorfiner på best mulig måte ved å vera fysisk aktiv i minst 20 min.

Endorfiner blir kalla kroppens eigen lykkehormon, så kva e da å vente på.
Lykke e me jo konstant på jakt etter😃😃😃


Tips:

Om du ikkje har gått turen før så gå i eit roleg, men jevnt tempo. Og ta deg ein pust i bakken når du har komme til eit skilt som viser at du er halvveis.


E du i god form og e på jakt etter ei god tid. Varm godt opp!!Jogg med god fart dei første par hundre metrene. Det er i byrjinga og på slutten der det er nokon flate parti at du kan vinne nokre minutt.

På toppen bles det nesten alltid, så ta med ei vindjakke og ulltrøye til skift.




Her skulle det stått!! No nærmar du deg, du e god!


Ein herleg utsikt!!

  

2 kommentarer:

  1. Fine bileter av ein flott og kanskje Bergens tøffaste motbakke😉

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk :-) Tøffast og best for kropp og sjel.

      Slett

Flåtebygging i Värmland!

E du klar for ein ekspedisjons som Gaus, Roms og Brumund e da berre å ta til turen til Sverige og Klärelven. Etter å ha overnatta i ei...