onsdag 18. juli 2018

Flåtebygging i Värmland!

E du klar for ein ekspedisjons som Gaus, Roms og Brumund e da berre å ta til turen til Sverige og Klärelven.

Etter å ha overnatta i ei VELDIG varm "Stuga"var me saman med 4 andre familier(svensker, dansker og normenn😛) klar for å bygga vår eigen tømmerflåte. Me fekk eit lite kurs i knutar og korleis tømmerstokkane skulle plasserast av to flinke instruktører



Så var det berre å bretta opp armane og begynne med tømmer-rulling, fordi flåten skulle byggast i elva.


Været var upåklageleg og temperaturen i elva heilt topp. 


Me brukte ca 4.5 timar før flåten var klar. Det var mykje muskelkraft i sving. God stemning og bra teamwork.

Flåten blei veldig stabil og det var godt plass til 2 store og 2 små. Så då var det berre å laste ombord, og la flåten fylja straumen i elva. Styreredskapet var årer og ein kraftig stag til å skyva oss unna sandbankar o.l som dukka opp undervegs.


Me fekk sjølvsagt med oss eit kart, slik at me ikkje segla forbi avtalt endepunkt som var ei mil unna. Og for å kunne peika ut ein plass undervegs som var egna for å setta opp ein leirplass.

 Det var ganske så fint å berre driva nedover elva. Men her måtte det jobbes og. Fleire gonger satt me fast på ein sandbank å då måtte alle ut å skubba. Eller når flåten satte kursen rett mot eit tre som låg ved elvebredden.



Her satte me opp telt. Litt i seinaste laget fordi alle mygg i heile Sverige hadde generalforsamling akkurat i det me kom på land. E da mulig!!!! Tilsaman fekk me ca 1000 byggstikk, og det er ikkje tull ein gong!!!



Dagen etter kom det litt småregn, men temperaturen var flott. Og etter 2 timer var me i mål. Veldig kjekk tur som kan virkeleg anbefalast.

For meir info vildmark.se





søndag 15. juli 2018

Gaustatoppen 1883 moh.

Gaustatoppen er av mange omtalt som Norges vakraste fjell som ligg 1883 moh, og er ein flott tur for heile familien. Derfor blei dette eit av måla for ferien i år. Med bil frå Bergen tar det litt i overkant av 6 timar å køyre til startpunktet.



Vegen opp er brei og steinete og lett å gå for både små og store. Men ein er avhengig av godt vær for å kunne nyta denne flotte usikta undervegs. Og fordi det er mykje likt terreng og derfor lett å gå seg vill om skodda skulle siga på.




Det er fleire vegar å nå toppen, men me valgt å gå opp frå Stavro( stor parkeringsplass, pris 150 kr) Og me brukte ca 2.5 timar opp medrekna påfyll av "bensin" undervegs.

På toppen ligg Gaustatoppen turisthytte her er det 11 sengeplasser som du må booke på førehand om du vil sova øve. 


Kjempe koselig! Skrå tak med vindu i taket😃


Gaustatoppen bærer med seg ein lang historie som innebærer istida, tankar om turisme allerede i 1953, Gaustabanen og eit hermetisk lukka Nato anlegg. Meir lesestoff om dette finner du blandt anna på desse sidene gaustabanen.novulkaner.no



Eit nydelig vær og ein fantastisk utsikt. Du kan faktisk sjå 1/6 del av Norge frå denne toppen.




Den gamle utedoen.

 Nydeleg middag samman med 7 andre fjellgeiter og Jorunn som er fast fjellvert på denne hytta.
 Smaka utruleg godt etter ein varm bestigning.

Me var så heldig å få møta Jon Ingebretsen han kan det som er vert å veta om dette fjellet, og meir til. Han har besteget fjellet 1400 gonger sommar og vinterstid. Og hadde mykje spennande å fortelja oss. Han har og skreve fleire bøker blandt anna "Naturen og eg" natur, miljø og samfunn.

Ein av dei flotte dikta i boka hans.

 Dette er Gaustabanen som går opp midt inne i fjellet, ein alternativ transport etappe til toppen.
Den er rimelig bratt!! 39 graders stigning!!





På eit spesielt tidspunkt kunne ein oppleva dette spesielle fenomenet der toppen lagar skugge opp i himmelen.

Turtips!

  • Sko som en godt egna for stein.
  • ingen tur i skodde
  • vatn kan fylles i ein bekk som renner ned frå venstre ca 200-300 meter frå startpunktet.
For meir info visitrjukan.com


GOD TUR😃


















































mandag 11. juni 2018

Lavo og telt på vakre Ervikane.

Fredag etter jobb var målet ein lavotur med gode venner til nydelege Ervikane. Eit av dei finaste friluftsområda i Bergensregionen. Link til side om Ervikane 

Turen med bil tar ca 45 min, det er fin pareringsplass med god plass før du må ta beina fatt og rusle 0.5 km til du er framme.


På parkeringsplassen finner du dette flotte info skiltet.



Nydeleg lukt av varm skogbotn.

Perfekt plass å telte.

To sleng husker i eit tre og lukka e fullkommen.


And the game begins.



Love is in the air!


 Prøver ut ein genial oppfinnelse. 

Batteridreven luftpumpe.

Kveldsmat på gang.

Middag, kvelds og frukost😂

Genial å ha vatten i om du ikkje skal bera langt då.

Å shit så mykje knott, fram med myggnettet😂


Ein herleg vindstille kveld.

Kl 00:00 sov ca alle store og små nesten........



For ein fantastisk morgen!!

Eg blir heilt varm i hjarta av å vakne til så sterk og vakker fuglesong, blikkstille sjø, lukt av skog. Naturen på sitt aller beste💚💚💚

Så er det tid for eit bad. Om det var at eg fraus i natt eller berre ein smule feigdom? Eg kom meg ikkje uti, men det har meg blitt fortalt at det var litt kaldt😂 





Tusen takk for ein kjempe flott tur Siv snuppa mi og co❤️









søndag 3. juni 2018

Sykkeltur Vinnes(Fusa)-Minde(Bergen)

I perfekt sykkelvær, det vil seie 21 grader celsius og 4-5 m/s vindstyrke la eg ut på landevegen frå vakre Vinnes(Fusa). Sykkelen min  har 18 gir, e kjøp på Finn for 500 kr og funker fint.
Endestopp for turen var Minde ein 38 kilometers lang tur😃.




Frå Vinnes til ferjekai (Venjaneset) var det ein fryd å sykle. Gode lukter frå markblomster, nærmast null trafikk og ein flott sykkelveg.




Møtte denne skjønne og veldig kosete kyre😀


Eg kom så fram til Venjaneset ferjekai, og då var det berre å smørja seg med tålmod. Men mens ein ventar e da berre å tenke lure tankar og få seg ein is😉


Laila`s kro og kafe kan eg verkeleg anbefala.


Måtte jo bli softis, har jo nokon mil igjen å sykla😉

Fosen ein gamal slitar.


Så var eg klar for neste etappe og her var det mykje trafikk!!!!!!!
Eg fekk no pusta inn eksos for det neste året i allefall😖

På vegen mot byen syklar ein forbi Eran kro, her kan ein leige kano. Og få seg ein flott tur lang Oselva vassdraget. Dette er ein nydeleg tur for store og små. Kajakk er også sjølvsagt glimrande her.

Når ein kjem til Nesttun går det ein sykkelveg der den gamle Vossabanen gjekk før. Her er ein link til sykkelvegar i Bergen.

Men denne sykkelvegen frå Nesttun til Minde er utrulig flott og må prøvast.


Flåtebygging i Värmland!

E du klar for ein ekspedisjons som Gaus, Roms og Brumund e da berre å ta til turen til Sverige og Klärelven. Etter å ha overnatta i ei...