fredag 18. mai 2018

Mykje vatten i omløp.

På min vandring opp asfaltvegen mot Munkeboten fekk eg lyst til å ta ein anna veg. Eg gjekk derfor inn på ein sti til venstre ca 200 meter fra Sanviken sjukehus. Her har eg gått før og veit at stien ender ved Munkebotn vatnet. Etter kvart som eg gjekk oppover rant det meir og meir vatn ned stien. Og så vart det til slutt så mykje at eg måtte hoppe frå stein til stein.



På eit tidspunkt trudde eg at eg måtte snu, men etter nøye planlegging av kvart steg og litt vassing i elve kom eg meg fram.




Men når eg nærma meg demningen (Munkebotn vatnet) sto spruten av vatten opp langs fjellsida og det buldra så kraftig at eg fant ut at dette ikkje kunne vera innan for det normale. Og då eg endeleg kom meg opp og vekk frå desse buldrande vannmassene fekk eg svaret.




























Rehabliteringsarbeid på Munkebosvatnet var svaret. Dei tappa demningen og derfor alt dette vatnet som kom ned stien. Her oppe var det skilt og folk i sving. Men kva med å sette et skilt nede ved stien, slik at ingen tuller seg oppover her slik som meg. Ein ganske skummel opplevelse der på slutten med alt vatnet som kom buldrande nedover.

Rimelig nedtappa demning, men flott at de tar vare på sikkerheten.

Turen i dag enda ved Storavatnet som ligger lengre opp. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Flåtebygging i Värmland!

E du klar for ein ekspedisjons som Gaus, Roms og Brumund e da berre å ta til turen til Sverige og Klärelven. Etter å ha overnatta i ei...