tirsdag 15. mai 2018

To i telt og to under åpen himmel!

Været om dagen e til å bli herlig glad av. Og derfor bestemte eg meg for å ta med meg jentene mine, og invitera med Mari på overnattingstur på Ulrikens topp.

Måtte berre ein liten tur/retur Vinnes og hytto for å henta telt og soverposer. Etter jobb var planen og sekkane klare. Etter å ha parkert bilen på Montana Vandrerheim der prisen forresten har stege til 75 kr per døgn tok me beina fatt.
Me valgte å gå via Korketrekkeren (sjå tidlegare innlegg angående Ulriken), og etterkvart ta til venstre langs kanten mot Ulriks maste. Her var me på jakt etter eit tørt område, og etter nokon tips frå vener som hadde vært der nokon dager før leita me i område litt før og litt etter Stormfugl hytto(sjå bilde lengre ned)

Me valgte til slutt etter eit"råd" i turgruppa å slå oss ned like ved Stormfuglen. Her var det nærmast ikkje eit vindpust og sole bada i lette skyer over horisonten. Aldeles nydeleg!

Etter å ha satt opp teltet (noko som blei ein ganske morosamt fordi eit par detaljer hadde gått i gløyme boka (hihi😉) var det tid for middag/kvelds. Frysetørka Pasta Bolognaise sto på menyen. Genial turmat som smakar veldig bra, er lett å frakte med seg, og ein tilsetter kun kokande vatn. Ein pose betalte eg 99 kr for, men her e da så kraftig kost så om du har med deg to barn e ein pose på deling nok til begge.

Primus er ein genial oppfinnelse, og som den båldamo eg er var dette fyrste gong eg tok i bruk ein slik sak. Gassbrennara av ulik art er eg vane med frå hytto på Voss. Men ikkje å laga mat på primus.
Men eit godt tips er å finna ut korleis primusen virkar, og skal setjast saman før  du står der skamsvolten og ikkje veit opp eller ned.

Etterkvart var det tid for å leggje seg. Dei minste jentene kraup inn i telte. Mens dei eldste ville sove under åpen himmel. Eg sovna klokka 05 og fram til då fekk eg oppleva ei heilt magisk natt.
Larmen frå byen og lyden frå våre naboteltara stilna heilt klokka 02.

Rett øve meg såg en stjernebilde Karlsvogna, og rett som det var kom eit stjerneskudd!!Eg skunda meg sjølvsagt å ynskje meg noko😉
Dei lette makrell skyene, den vakre blå og rosa himmelen var heilt fantastisk. Og ikkje minst å høyra Gauken sitt kokko frå det fjerne. Dette er naturen på sitt aller beste. Og denne stillheita med berre lyder frå moder jord, gjer at ein føler seg i eit med den blå planeten vår..................

Tips:


  • Ull, ull, ull + vindtette klær, sjølv om det er 20 grader og vindstille når ein er på veg mot toppen, blir det alltid kaldt på natte.
  • Pakk lurt, slik at sekken ikkje blir for tung.
  • Ta gode pauser på vegen, særlig når du har med barn. Dette skal bli eit godt minne for alle tur deltakarane.
  • Rydd etter deg, alt skal med tilbake.
  • Vatten er den beste tørstedrikken.
  • Sist men ikke minst! Gi av din turglede og omsorg til dei du går i lag med.
NB! Ikkje gå ned Ulriken etter ein times nattesøvn og tung sekk. Kroppen vil liksom ikkje samarbeide. Og det kan fort gå litt hulter til bulter nedover stien. Snakkar sjølvsagt ikkje her om eigen erfaring 😂😂😂 


Kor sov du? Jo nederst i soveposen min😂

Hytto Stormfuglen.




Girl Power.

Vatten som skal kokast.



Mitt fjell Ulriken❤️

Genial turmat.

Klokka 04:07.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Flåtebygging i Värmland!

E du klar for ein ekspedisjons som Gaus, Roms og Brumund e da berre å ta til turen til Sverige og Klärelven. Etter å ha overnatta i ei...