tirsdag 8. mai 2018

Ulrikens Topp! Min favoritt av dei 7 i Bergen.

For eit nydeleg vær!!
I dag gjekk eg i lag med mi fantastiske tur venninne gjennom 21 år. Og målet var Ulrikens topp. Me parkerte i gato på Montana, men fordi me ikkje var åleine om dette målet var det bitte litt vanskeleg å få parkert😁 Mot ei avgift på 50 kr kan ein parkere ved Montana Vandrerheim. Og det er ingen dum investering på fine dagar med lett trafikk kaos og du ikkje vil ha ei ripe i lakken.

Det er mange vegar å velje mellom for å nå målet. Etter å ha gått nokre hundre meter på grusvegen (Skiveien)frå Montana møter du på ein benk og ein stor bekk. Her kan du no velgje å gå bak benken og opp i skogen til venstre. Dette er ein luftig tur med flott utsikt. Om det er sleipt underlag bør du styre unna denne vegen. Og den er heller ikkje egna til skigåing.

Me valgt å ta til høgre, og etter ca 200-300 meter kjem du til ein stor stein på venstre side. Her kan du då velje å gå til venstre og opp dei fantastiske trappene som sherpaene bygger for hand. For nokon handverkere. Eg bøyer meg i støvet!

Me gjekk opp til høgre og eit godt stykke opp Korketrekkeren, før me tok til venstre og gjekk langs kanten, forbi ei gråhytte (Stormfuglen ?) som er festa med barduner, i retning Ulriksmasten

Det blas godt ca 10 m/s. Men det e jo dette så gjer at ein kjenner at ein lever! Kroppen må kjempe litt for å halde seg oppreist. For ein utsikt. Det må berre opplevast! Nokre stader var det litt gjørme og me gjekk over 2 korte parti med snø. Men me ble ikkje blaut på beina, så eg vil seie at det var ein relativt tørrskodd tur.

Etter å ha nådd masta tusla me ned stein trappene til sherpaene. OBS !! På dagtid fram til klokko 17:00 e da ikkje lov å gå her fordi desse flinke folka frå Nepal må få fred i sitt arbeid.

Tips:

  • Gode sko e viktig på denne turen. Med det meiner eg dei som har eit godt grep spesielt på stein.
  • Ulriken er eit fjell som må behandles med respekt, her snur været fort. Så det er viktig å alltid ha med ekstra klær og førstehjelpsutstyr.
  • Det bles nesten alltid der oppe og tåka kjem fort sigande.
PS! Det finnes mange fleire ruter til Ulriken men det kjem eg tilbake til ein anna dag.

Det er meldt fint vær i morgo(onsdag) og, så det er berre å hiva deg rundt😉😉😉




Opplevelsen blir mykje bedre når du deler den med ein god venn❤️


Maten her e skikkelig god, men ei niste i sekken smakar alltid god etter ein tur i det fri.

Eit kunstverk!

Montana.


2 kommentarer:

  1. Nydelege bileter min venn. Flott blogg du har med praktisk info om alt ein treng å vita for å ta fatt på turen🤗😍

    SvarSlett
  2. Tusen takk kjære Siv💕

    SvarSlett

Flåtebygging i Värmland!

E du klar for ein ekspedisjons som Gaus, Roms og Brumund e da berre å ta til turen til Sverige og Klärelven. Etter å ha overnatta i ei...